Bestill time med SMS

Send til 2097:

FREKHAUG fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

FREKHAUG 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Frekhaug Legesenter

Velkomen til Frekhaug legesenter. Du som har fastlege ved vårt legesenter kan bestille time og fornye reseptar pr SMS eller internett. For meir informasjon og prisar: klikk "Bestill time på nett" eller "Bestill resept på nett".

  

Du kan og nytte Helserespons sin app (for iPhone og Android).

 

Du kan og bestille time ved personleg oppmøte eller på telefonnummer 5617 1110. I periodar kan det vere stor pågang på telefonen. Om det ikkje hastar, eller du ikkje skal bestille akuttime, ber vi om at du venter med å ringe til etter kl 0930.

 

Ventetid på uprioritert time kan av og til vere inntil 4 veker. I ferietida kan ventetid til din fastlege vere lenger. Det er ofte mogeleg å få time hos turnuslege tidlegare.

 

Akuttnummer: 5617 1113 (Kvardagar 0800-1530). 

Akuttnummeret skal brukast ved behov for hjelp som ikkje kan vente.

For vanlege akuttimar: ring vanleg nummer 5617 1110.

 

Ved akutt fare for liv og helse: ring tlf 113.

 

Meir informasjon om kommunale helsetenester finn du på Meland kommune si heimeside

Illustrasjon eller bilde for senter

Aktuelt


Digital dialog med fastlegen

20. mars 2019

Vi faser nå inn såkalt "Digital dialog". Som pasient kan du opprette E-konsultasjon (egenandel kr 155) eller E-kontakt om praktiske ting (gratis). Etterhvert kan det bli lagt opp til direkte timebestilling hos legen. Innfasing av tjenester skjer gradvis, og det kan være litt ulikt mellom legene når tjenesten innføres.  

Logg inn på http://www.helsenorge.no for mer informasjon. Pasienten må åpne for digital dialog. Du kan da også få prøvesvar og brev fra legen umiddelbart i løsningen, i stedet for pr. post.

Løsningen fungerer best for den du formelt har som fastlege. Hvis du skal til annen lege, vikarlege eller turnuslege, er det best å bruke E-kontakt eller telefon.

 

 

Informasjon om timetildeling hjå fastlege Lars Moland frå 02.01.2019

29. november 2018

Det har diverre lengje vore lang ventetid for å få ordinære timar hjå fastlege Lars Moland. Dette ønskjer legekontoret å retta på.

For å løysa problemet vert det difor som eit halvtårig prøveprosjekt frå januar 2019, innført eit nytt system for tinging av timar. Dersom det viser seg å vera vellukka, vil det moglegvis også verta innført for dei andre legane.

Den nye ordninga er kalla «Time same dag», og har med hell vorte innført ved mange legekontor i Noreg. Ein må likevel rekna med at det vert nokre oppstartvanskar og problem i overgangsperioden.

Målsettinga med prosjektet er:

  1. Å få ventetida på time ned til null dagar
  2. Letta arbeidet til helsesekretærane med tildeling av legetime

«Time same dag» går i kortheit ut på at ein stor del av legen si timebok vert halden open for timebestilling den same dagen, og at berre få timar (ca. 25%) kan tingast på førehand. Ein skil ikkje mellom akuttimar og vanlege timar i «Time same dag». Dei få timane som kan tingast på førehand, er meint for pasientar som av ulike grunnar ikkje har moglegheit for å tinga time på dagen.

For å få dette til er det no ikkje mogleg å tinga timar hjå Lars Moland frå 02.01.19 og utover. Det er diverre heller ikkje ledige ordinære timar i november og desember 2018, men sjølvsagt er det tilgjengelege akuttimar, fire kvar dag, som kan tingast same morgon.

Frå 02.01.19 er målsettinga at ein skal få time telefonisk den dagen ein ringjer dersom ein ringjer før 12.00, eller ved SMS som er send etter kl. 15.30 føregåande virkedag. Dei som kontaktar kontoret for time mellom kl. 12.00 og 15.30, vil oftast verta oppmoda om å prøva att neste morgon.

Slik situasjonen er med full timeliste fram til nyttår, vil svært mange pasientar måtte venta på å tinga time. Det kan difor verta svært mange timetingingar dei fyrste to vekene på nyåret. Me oppmodar dei som finn det mogleg, om å venta med å kontakta legekontoret om time til midt i januar.

Me strekar under at det alltid, både før og etter nyttår, som før vil vera mogleg å få time på dagen i samband med helseproblem som er akutte eller hastar.

 

Venleg helsing

 

Lars Moland

Fastlege                             

NYE ÅPNINGSTIDER VED LABORATORIET

19. september 2018

 

 

Frå 01.10.18 vert det endring i åpningstida ved laboratoriet for pasientar som IKKJE har hatt legetime same dag.

Dei nye åpningstidene er:

Måndag - torsdag

8:30 - 11:30 og 12:30 - 13:30

Fredag

09:00 - 11:30 og 12:30 - 13:30

Vikar for fastlege Moltumyr

7. september 2018

Fastlege Tord Moltumyr har fått nye oppgåver knytt til organisering av helsetenesta i nye Alver kommune. Lege Cassandra Aadland Wold vil frå oktober inntil vidare fungere som vikar på pasientlista. Løysing på sikt er ikkje avklart.

Digital sykemelding

28. juni 2018

Nesten alle sykemeldinger er digitale fra januar 2018:

Digital sykemelding, informasjon til den sykemeldte

Du treng ikkje lenger tilvisning til fysioterapi

24. november 2017

Frå og med 1. januar 2018 er det ikkje lenger naudsynt med tilvising frå lege for å få time hjå fysioterapeut med kommunal avtale. Du kan ta kontakt direkte med fysioterapeut som vil vurdere og prioritere problemstillinga. Meir informasjon på Helfo sine nettsider

Legeerklæringer til NAV

19. juni 2017

Hvis du har behov for legeerklæring til AAP eller uførepensjon må legen få en skriftlig bekreftelse fra NAV på dette. Se nærmere informasjon i menyen under "dokumenter"; informasjon om legeerklæring til NAV.

Nye helsekrav for førerkort fra 1. oktober 2016

7. oktober 2016

Det er innført nye helsekrav for førerkort fra 1. oktober 2016. Mange vil oppleve at kravene er strengere enn tidligere. Alle over 75 år må fornye førerkort med legeerklæring. For større klasser må førerkortet fornyes hvert 5. år.

Dersom du har bestilt time for søknad om førerkort, eller fornyelse, bør du ha fylt ut egenerklæringsskjema på forhånd. Skjema kan lastes ned fra Helsedirektoratets nettsider, se under "lenker" til venstre på denne siden.

Husk at det noen ganger kan ta tid å innhente tilleggsinformasjon i førerkortsaker. Bestill derfor time i god tid før førerkortet utgår.

 

Advarsel mot useriøse formidlere av fastlegebytte

18. desember 2015

Vi vil advare mot bruk av flere nettsider (bl.a. fastlege.online og fastlegebytte.net) som tilbyr bytte av fastlege mot betaling. Sidene er useriøse og man må legge igjen personalia som kan bli brukt til identitetstyveri.

Det er gratis å skifte fastlege. Dette gjøres via www.helsenorge.no

Les mer på Helsedirektoratets sider