Bestill time med SMS

Send til 2097:

FREKHAUG fødselsdato, ditt navn, grad av hast

Se eksempel

FREKHAUG 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon



(Unngå sensitiv informasjon)

Kr. 6,- per mottatt melding.
Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.


NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Fastlegeordninga


På Helsenorge sine nettsider kan du sjå kva fastlege som har ledig plass. Du kan her òg skifte fastlege ved å logge deg inn med BankID - bytte fastlege?

 

Generell informasjon om fastlegeordningen

Du kan velje fastlege uavhengig av kva kommune du bur i.

 

Har du ikkje fastlege i Meland kommune?

Vi trur fastlegen din er best i stand til å gjere gode vurderingar om din helsetilstand, også ved akutt sjukdom. Dersom du treng legeteneste vil du derfor normalt bli bedt om å kontakte din fastlege, også for akuttimar. Unntaket er dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp, og tilgjenge / avstand til din fastlege er uforsvarleg lang.

Dersom du oppheld deg midlertidig i kommunen, vil du kunne få naudsynte helsetenester ved eit av legekontora etter nærare vurdering. Dette gjeld til dømes elevar ved folkehøgskulen, pendlarar mv. Dersom du har behov for regelmessig oppfølging av lege i Meland kommune vil vi likevel tilrå skifte av fastlege, slik at det ikkje oppstår uklarhet om ansvaret for behandlinga.

Om du bur i kommunen, men ikkje har fastlege her, kan du likevel nytte tenester som jordmor, helsestasjon og andre kommunale tenester.