Det har diverre lengje vore lang ventetid for å få ordinære timar hjå fastlege Lars Moland. Dette ønskjer legekontoret å retta på.

For å løysa problemet vert det difor som eit halvtårig prøveprosjekt frå januar 2019, innført eit nytt system for tinging av timar. Dersom det viser seg å vera vellukka, vil det moglegvis også verta innført for dei andre legane.

Den nye ordninga er kalla «Time same dag», og har med hell vorte innført ved mange legekontor i Noreg. Ein må likevel rekna med at det vert nokre oppstartvanskar og problem i overgangsperioden.

Målsettinga med prosjektet er:

  1. Å få ventetida på time ned til null dagar
  2. Letta arbeidet til helsesekretærane med tildeling av legetime

«Time same dag» går i kortheit ut på at ein stor del av legen si timebok vert halden open for timebestilling den same dagen, og at berre få timar (ca. 25%) kan tingast på førehand. Ein skil ikkje mellom akuttimar og vanlege timar i «Time same dag». Dei få timane som kan tingast på førehand, er meint for pasientar som av ulike grunnar ikkje har moglegheit for å tinga time på dagen.

For å få dette til er det no ikkje mogleg å tinga timar hjå Lars Moland frå 02.01.19 og utover. Det er diverre heller ikkje ledige ordinære timar i november og desember 2018, men sjølvsagt er det tilgjengelege akuttimar, fire kvar dag, som kan tingast same morgon.

Frå 02.01.19 er målsettinga at ein skal få time telefonisk den dagen ein ringjer dersom ein ringjer før 12.00, eller ved SMS som er send etter kl. 15.30 føregåande virkedag. Dei som kontaktar kontoret for time mellom kl. 12.00 og 15.30, vil oftast verta oppmoda om å prøva att neste morgon.

Slik situasjonen er med full timeliste fram til nyttår, vil svært mange pasientar måtte venta på å tinga time. Det kan difor verta svært mange timetingingar dei fyrste to vekene på nyåret. Me oppmodar dei som finn det mogleg, om å venta med å kontakta legekontoret om time til midt i januar.

Me strekar under at det alltid, både før og etter nyttår, som før vil vera mogleg å få time på dagen i samband med helseproblem som er akutte eller hastar.

 

Venleg helsing

 

Lars Moland

Fastlege