Bestill time med SMS

Send til 2097:

FREKHAUG fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

FREKHAUG 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Frekhaug Legesenter

Velkomen til Frekhaug legesenter. Du som har fastlege ved vårt legesenter kan bestille time og fornye reseptar pr SMS eller internett.

Vi har 2 løysingar for elektronisk kontakt:

1) Helserespons sine tenester; integrert i denne nettsida eller i eigen app. For meir informasjon og prisar: klikk "Bestill time på nett" eller "Bestill resept på nett". Gjeld timebestilling og reseptbestilling (betalingsteneste).

2) Digital dialog gjennom www.helsenorge.no; reseptbestilling og e-konsultasjon. Det er no også mogleg å tinga time hjå alle fastlegane via helsenorge, men ikkje til fastlegevikarar eller turnuslege. Sjå under for info og prisar (offentlege takstar)

Du kan og bestille time ved personleg oppmøte eller på telefonnummer 5617 1110. I periodar kan det vere stor pågang på telefonen. Om det ikkje hastar, eller du ikkje skal bestille akuttime, ber vi om at du venter med å ringe til etter kl 0930.

Ventetid på uprioritert time kan av og til vere inntil 4 veker. I ferietida kan ventetid til din fastlege vere lenger. Det er ofte mogeleg å få time hos turnuslege tidlegare.

 

Akuttnummer: 5617 1113 (Kvardagar 0800-1530). 

Akuttnummeret skal brukast ved behov for hjelp som ikkje kan vente.

For vanlege akuttimar: ring vanleg nummer 5617 1110.

 

Ved akutt fare for liv og helse: ring tlf 113.

 

Meir informasjon om kommunale helsetenester finn du på Meland kommune si heimeside

Illustrasjon eller bilde for senter

Aktuelt


Nedetid for kommunale telefonnummer tysdag 10. desember

5. desember 2019

I samband med flytting til felles Alver-sentral vert alle kommunale fasttelefonar i Meland kommune nede tysdag 10. desember. Nokre nummer vil først verte tilgjengelege onsdag 11. desember.

Nummer til mobiltelefonar vil fungera som normalt.

Eitt og eitt nummer vil kome på plass. Legekontor, sjukeheimar og hovudnummer vert prioriterte og vil verte kopla inn att først. 

Du kan nå oss på e-post postmottak@meland.kommune.no og på Facebook
Du kan ringje 994 97 580 for å komme til resepsjonen på Meland rådhus.


Kontakt med legekontoret

Om du må ha kontakt med legekontoret denne dagen, kan du ringje telefon:
913 92 601. Det er berre éi linje inn, så om det kan vente, ber me om at du gjer det.

Legetime og resept kan bestillast på https://helsenorge.no/ eller http://www.frekhauglegesenter.no/

Ved akutt sjukdom eller skade, kontakt Nordhordland legevakt telefon: 116117 eller 113.

Problem med telefon i dag, torsdag 14. november

14. november 2019

Vi har idag torsdag 14. november problem med telefonen vår, og kan ikkje svara innkomne samtalar. Saka er meldt vidare til IKTNordhordland og det vert jobba med å finne ei løysing. Me kan ringa ut og vil prøva å ringa til alle som står i kø.

Beklagar dette.

Problem med telefonen onsdag 6. november

6. november 2019

Vi har idag onsdag 6. november problem med telefonen vår, og kan ikkje svara innkomne samtalar. Saka er meldt vidare til IKTNordhordland og det vert jobba med å finne ei løysing. 

Beklagar dette.

Influensavaksinasjon 2019 / 2020

30. september 2019

Vi får levert influensavaksine i løpet av veke 42. 

Det blir drop-in vaksinedagar for risikogruppene 31/10, 1/11 og 8/11 kl 0930-1400. Oppmøte: Frekhaug legesenter; ambulanseinngangen. Pris kr. 150.

Legeerklæring ved fravær i videregående skule

11. september 2019

Vi får svært mange telefonar med spørsmål om legeerklæringar. Det er ikkje naudsynt med legeerklæring før fråveret nærmar seg 10% i det einskilde fag. I slike tilfelle SKAL eleven ha motteke varsel frå skulen om at det er fare for at karakter ikkje kan settast.

Legetenesta kan ikkje prioritere attestarbeid for dei som ikkje er nær 10%-grensa. Attest vil normalt kreve personleg oppmøte hjå legen. Behov for legetime skal alltid vere basert på ei medisinsk vurdering. 

Elevar som har fått varsel skal vi forsøke å hjelpe med rask legetime. Men vi må alltid priortere dei med størst medisinsk behov.

Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Vikar for dr. Lars Moland

19. august 2019

Dr. Moland har permisjon fram til 1. november. Vikar er dr. Jon Fredrik Hole. Det vert "time same dag" som tidlegare. Det er dessverre ikkje mogeleg å bestille time på helsenorge.no til vikar. Dette problemet ligg utanfor vår kontroll. Time må derfor bestillast pr telefon, sms eller ved kontakt i luke.

 

Vikarløysing hjå dr. Moltumyr

19. august 2019

Dr. Moltumyr er for tida delvis frikjøpt for planlegging av arbeidet med ny kommune. Det er derfor redusert kapasitet  når det gjeld timebestilling.

For perioden 1. - 30. november 2019 vert Jon Hole vikar på lista, og frå 2. desember vert Ingvild Skogen Bauge vikar. Moltumyr vil likevel ha pasientavtalar dei fleste tirsdagar inntil vidare.

Alle fastlegane tilbyr no timebestilling på HelseNorge

6. juni 2019

Alle fastlegane på Frekhaug legesenter har no opna opp for timebestilling på nett via HelseNorge. Det er dessverre ikkje mogeleg å bestille time hjå vikarlege gjennom HelseNorge. Om det er behov for dobbeltime, ta kontakt med oss på telefon. (eksempel fjerning av føflekk, enkelte mindre kirurgiske inngrep, behov for tolk, første svangerskapstime med meir). For meir informasjon om tenesta, logg deg inn på "MinSide" på www.helsenorge.no. Hugs at du må samtykka til digitale tenester før du kan ta dei i bruk. 

Ved behov for akutt time same dag ta kontakt på telefon 56 17 11 10.

 

Informasjon om «time samme dag» og timebestilling på HelseNorge hjå fastlege Henny Rosså Stokke frå 02.09.2019

4. juni 2019

 

Henny Rosså Stokke vil vere tilbake på kontoret etter permisjon i juli. Frå 02.09.2019 vert det starta opp med «time same dag» for også hennar pasientar. Henny R. Stokke har legekontrollar på helsestasjonen tysdagar ut 2019, og vil difor ikkje ha ledige timar desse dagane. Det vil også elles vere enkelte dagar legen ikkje er til stades.

 

Føremålet med «time same dag» er å få ventetida på timar ned til null dagar, og å forenkle arbeidet til helsesekretærane med tildeling av legetime. Dette går kort fortalt ut på at ein stor del av legen si timebok blir heldt open for timebestilling same dagen, og at eit fåtal timar (ca. 25%) kan bestillast på førehand. Dei få timane som kan bestillast på førehand, er meint for pasientar som av ulike grunnar ikkje har moglegheit for å bestille time same dag.

 

Frå 02.09.2019 er målsetjinga at ein skal få time telefonisk den dagen ein ringjer på morgonen, eller ved SMS på www.frekhauglegesenter.no (følg link til timebestilling) som er sendt etter kl. 15.30 føregåande virkedag (betalingsteneste). Det vil og vere tilgjengelege timar på www.helsenorge.no – som kan bestillast etter kl. 16.00 dagen før. Hugs å samtykke til digitale tenester på helsenorge. Om det er fullt vil du få beskjed om å ta kontakt dagen etter.

 

Vi bed om forståing for eventuelle oppstartsvanskar og problem i overgangsperioden.

 

Vi understrekar at det som før vil vere mogleg å bestille time samme dag i forbindelse med helseproblem som er akutte eller hastar.

 

 

Timar tilgjengeleg på HelseNorge for Tord Moltumyr og Astrid B. Nordrik

28. mai 2019

Fastlegane Tord Moltumyr (kun tysdagar) og Astrid Berg Nordrik har no opna opp for timebestilling på nett via HelseNorge. I sommar vil det vera redusert antall timar tilgjengeleg på nett. Om det er behov for dobbeltime, ta kontakt med oss på telefon. (F.eks. fjerning av føflekk, enkelte mindre kirurgiske inngrep, behov for tolk, første svangerskapstime m.m.) For meir informasjon om tjenesta, logg deg inn på "MinSide" på www.helsenorge.no. Hugs at du må samtykka til digitale tjenester før du kan ta dei i bruk. Du kan framleis ringa oss for time same dag, eller senda melding via Helserespons (betalingstjeneste). Ved behov for akutt time same dag ta kontakt på telefon 56 17 11 10.

Dei andre fastlegane vil også om kort tid kunna tilby timebestilling på nett.

Les flere artikler