Vi får svært mange telefonar med spørsmål om legeerklæringar. Det er ikkje naudsynt med legeerklæring før fråveret nærmar seg 10% i det einskilde fag. I slike tilfelle SKAL eleven ha motteke varsel frå skulen om at det er fare for at karakter ikkje kan settast.

Legetenesta kan ikkje prioritere attestarbeid for dei som ikkje er nær 10%-grensa. Attest vil normalt kreve personleg oppmøte hjå legen. Behov for legetime skal alltid vere basert på ei medisinsk vurdering. 

Elevar som har fått varsel skal vi forsøke å hjelpe med rask legetime. Men vi må alltid priortere dei med størst medisinsk behov.

Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider.