Bestill time med SMS

Send til 2097:

FREKHAUG fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

FREKHAUG 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer
Viktig informasjon om Koronaviruset

Korleis bestilla time?

Det er mange som ønskjer å nå oss og det kan ta litt tid å komma gjennom på telefon. Om du vil gjera det enkelt og spara tid kan du nytta vårt SMS køfrisystem. Du skriv FREKHAUG navnet ditt, fødselsdatoen din og grad av hast og sender meldinga til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut: FREKHAUG Ola Hansen 040519 ønskjer time gjerne i neste veke.

Tjenesta kostar kr. 6.- pr. mottatt melding.

Du kan senda meldinga kor tid som helst på døgeret. Du får svar i løpet av neste arbeidsdag.

IKKJE bruk SMS-tjenesta ved behov for akutthjelp.

Avbestilla time, eller endra timeavtale

Ring oss eller send FREKHAUG navnet ditt og fødselsdato med avbestillinga eller ønskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjonen skal finna stad, elles vert timen belasta/fakturert.

Korleis få legen heim til deg?

Fastlegane kan i enkelte tilfelle reisa på heimebesøk. Dette gjeld der pasientens tilstand er til hinder for oppmøte på legekontor. Stort sett gjeld dette alvorlig og kronisk sjuke pasientar. Heimebesøk må avtalas særskilt.

 

Korleis bestilla reseptar på faste medisinar?

Via  våre nettsider kan du bestilla reseptar på fast mediaksjon, og som har vorte forskrevet før.

Du kan også ringja, eller møta opp personleg, for reseptbestilling.

Resept vert utstedt elektronisk som eResept, og kan hentas ut frå alle apotek i Noreg.

Ved å logga inn på www.mineresepter.no kan ein til eikvar tid finna informasjon om:
* resepten er tilgjengeleg på apotek
* få oversikt over gyldige e-reseptar og sjå om det er fleire uttakk igjen på din resept
* sjå dine barns reseptar (fram til fylte 16 år) og eventuelt andres reseptar som du har fullmakt til å sjå
* sjå kva for fullmakter du har

All denne informasjonen får ein tilgong til ved hjelp av elektronisk ID på nivå 4, dette kan vera enten BankID, Buypass-ID eller Commfides e-ID.

 

Attestar og korttidsjukemeldingar

I utgangspunktet er det krav om legekonsultasjon ved behov for attestar og sjukemeldingar. Det er opp til legen å vurdera om dette kan fråvikas. 

Vaksinering

Metilbyr årlig influensavaksinasjon.

Legesenteret driv i utgangspunktet ellers ikkje med vaksinering, anna enn i enkeltsituasjonar der det er medisinsk naudsynt. Barnevaksinasjon vert utført på helsestasjonen.

Ved behov for reisevaksinar anbefalar me å oppsøkje ein reisevaksinasjonsklinikk.