Bestill time med SMS

Send til 2097:

FREKHAUG fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

FREKHAUG 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer
Viktig informasjon om Koronaviruset

Legekontoret stengt frå kl. 12:00 i dag!

20. november 2020

Grunna internundervisning vert legekontoret stengt i dag, fredag 20.11.20, frå kl. 12:00 og resten av dagen. Det er vanleg opningstid på telefon og ekspedisjon fram til dette. Ved behov for akutt hjelp ring Nordhordland legevakt på telefon 116 117.

Ved behov for medisinsk nødhjelp ring 113

Redusert bemanning på kontoret

17. november 2020

Grunna sjukdom er det dessverre redusert bemanning på kontoret denne veka. Me vil prøva så langt det lar seg gjere hjelpe alle som skal på laboratoriet, men me må prioritera akutt hjelp. Dette kan føra til ekstra lang venting for deg som pasient, både i luka og på telefon. Kan du la blodprøvar eller andre ting venta, vert me takknemlege for at du gjer det. Reseptar kan du bestille via helserespons eller helsenorge. 

Beklagar ulempene dette medfører!

Redusert bemanning på legekontoret måndag 16.11.20

16. november 2020

Grunna sjuksom er det i dag, måndag 16/11, berre 2 helsesekretærar på jobb. Det vil føra til lang venting på telefon, og svært redusert kapasitet på laboratoriet. Me ber difor om at alle som kan venta med å ringja oss, eller stikka innom til laboratoriet, ventar med det. 

Det er mogleg å senda sms via helserespons, eller e-melding via helsenorge, men ikkje bruk den tenesta om det hastar. Ved behov for akutt hjelp ring 56 17 11 13.

For medisinsk nødhjelp ring 113. 

Beklagar ulempene dette medfører deg som pasient.

Frekhaug legesenter held stengt fredag 20. november frå kl. 12:00

10. november 2020

Grunna internundervisning vert legekontoret stengt frå kl. 12:00 og ut dagen fredag 20. november 2020.

Ved behov for akutt hjelp i tidsrommet, ring Nordhordland legevakt på telefon 116 117.

Redusert bemanning på legekontoret måndag 02.11.2020

2. november 2020

Grunna sjukdom er det i dag dessverre redusert bemanning på legekontoret. Det kan føra til kø i ekspedisjon, på telefon og laboratoriet. For ting som ikkje hastar, vennligst vent med å ta kontakt. Reseptbestilling kan gå via helsenorge og helserespons. 

Beklagar ulempene dette medfører for deg som pasient. 

 

TIMEBESTILLING FOR ÅRETS INFLUENSAVAKSINERING!

14. oktober 2020

Influensavaksinering ved Frekhaug legesenter for personar i risikogruppene!

I år vert det timebestilling for vaksinering mot sesonginfluensa, og det er ikkje mogleg for drop-in som tidlegare år. Det er satt opp faste dagar for bestilling av time, telefonnummer er

56 17 11 12. (merk at det kan verte kø på telefonen, prøv då igjen seinare)

Opningtidene for Vaksinetelefonen er frå kl. 08:30 – 11:00 og 13:00 – 15:00:

Måndag 19/10
Tysdag 20/10
Torsdag 22/10
Måndag 26/10
Tysdag 27/10
Torsdag 29/10

Vaksinasjonsdagane er i veke 45 og 46 frå kl. 16:00 - 20:00:

Tysdag 3/11
Onsdag 4/11
Torsdag 5/11
Tysdag 10/11
Onsdag 11/11
Torsdag 12/11

Vaksinasjonen føregår på Frekhaug legesenter, og som før med inngang på baksida av bygget med ambulanseinngangen. Der vert du møtt av ein helsesekretær som vil klarere deg, og følgje deg inn på vaksinasjonskontoret. Du må vera heilt frisk for å få satt vaksina. Hugs at du må venta 20 min. etter vaksina er satt. Me følgjer alle smittevernreglar og det skal vere trygt å komma til oss for vaksinering.

Pris: eigenandel på 50,- kr (har du frikort betalar du ingenting)

                                                                                                                                               

 

Redusert bemanning på legekontoret fredag 25.09.2020

25. september 2020

Grunna sjukdom er det i dag dessverre redusert bemanning på legekontoret. Det kan føra til kø i ekspedisjon, på telefon og laboratoriet. For ting som ikkje hastar, vennligst vent med å ta kontakt. Reseptbestilling kan gå via helsenorge og helserespons. 

Beklagar ulempene dette medfører for deg som pasient. 

 

 

Timebestilling på Frekhaug legesenter

27. august 2020

Det er for tida ikkje mogleg å bestille timar via helsenorge på grunn av den pågåande Covid19-pandemien. Me vil vurdera fortløpande om det er sikkert nok å opna opp igjen for timebestilling via helsenorge. Inntil då må alle ringa oss eller senda SMS via helserespons. Det gjeld ikkje akutte tilstandar, og årsak for timebestilling må alltid vera med. (betalingstjeneste) Det er i tillegg mogleg å senda e-kontakt til kontoret via helsenorge, men det er litt lenger svarfrist enn me har på helserespons. (gratis tjeneste)

Telefonproblem torsdag 27.08.2020

27. august 2020

Det er for øyeblikket problem med fasttelefon i Alver Kommune. Dette berører Frekhaug legesenter og ingen vil komme gjennom på telefon før dette er ordna. Det er framleis mogleg for oss å sjå innkomne telefonar, og me vil prøve så godt me kan å ringe tilbake til dei som ringer oss/står i kø.

Saken er feilmeldt og leverandør jobbar med feilretting. 

Ved behov for kontakt med legekontoret ring mobil 913 92 601

Vikarlege for Tord Moltumyr si pasientliste, Cassandra Aadland Wold startar 01.09.2020

21. august 2020

Cassandra Aadland Wold vert vikar for Tord Moltumyr frå 01.09.20. Ho vil ha «time same dag» for sine pasientar. Ho er på kontoret måndag, torsdag og fredag.

Føremålet med «time same dag» er å få ventetida på timar ned til null dagar, og å forenkle arbeidet til helsesekretærane med tildeling av legetime. Dette går kort fortalt ut på at ein stor del av legen si timebok blir heldt open for timebestilling same dagen, og at eit fåtal timar (ca. 25%) kan bestillast på førehand. Dei få timane som kan bestillast på førehand, er meint for pasientar som av ulike grunnar ikkje har moglegheit for å bestille time same dag.

Frå 01.09.20 er målsetjinga at ein skal få time telefonisk den dagen ein ringjer på morgonen, eller ved SMS på www.frekhauglegesenter.no (følg link til timebestilling) som er sendt etter kl. 15.30 føregåande virkedag (betalingsteneste). Hugs å skrive grunnen for timebestilling (smittevernhensyn). Du kan ikkje bestilla time om du har luftvegssymptom eller mistanke om Covid19, ring oss då for rådgiving. Om det er fullt vil du få beskjed om å ta kontakt neste dag ho er på kontoret. Det er dessverre ikkje mogleg å bestille via helsenorge.

Vi bed om forståing for eventuelle oppstartsvanskar.

Informasjon om sommaren på Frekhaug legesenter

2. juni 2020

I sommar ved ferieavvikling kan det enkelte dagar verte redusert bemanning på kontoret. Det kan føre til kø på telefon, på laboratoriet og i luka. Me vil gjere vårt beste for å betjene alle henvendelsar så raskt som mogleg, og ber om forståelse for dette.

Me ber difor om at de utset blod- og laboratorieprøvar, samt konsultasjonar som ikkje hastar, til etter ferietida.
Telefonar som ikkje hastar kan vere lurt å ta på ettermiddag mellom 13:30 - 14.30, då det er minst pågang på den tida.
Eventuelt bruke digital dialog via www.helsenorge.no - der kan du bestille reseptar og ha e-kontakt med kontoret og fastlegen.

Det er elles vanlege opningstider på legekontoret i sommar:

 

Ekspedisjon

måndag - torsdag 8:30 - 15:00

fredag 9:00 - 15:00

 

Laboratoriet

måndag - fredag 8:30 - 11:30 / 12:30 - 13:30

fredag 9:00 - 11:30 / 12:30 - 13:30

Timebestilling via helserespons

24. april 2020

Dersom du sender timeønskje via denne tenesta, må du oppgje årsak, slik at vi kan planlegge i høve gjeldane smitteverntiltak.

Du kan skrive om du ønskjer telefonkonsultasjon eller konsultasjon ved oppmøte.

Legesenteret har for tida ikkje timebestilling via Helsenorge.

Koronavirus

13. mars 2020

Ved luftvegsinfeksjonar eller mistanke om koronasmitte, ta kontakt med oss på telefon 56 17 11 10. 

Ved spørsmål om korona kan du også ringe det nyetablerte koronasenteret i Alver på telefon 56 37 59 00 (måndag til fredag 08:00-15:30, lørd.-sønd. 10:00-14:00)

Det vil i periodar vere redusert bemanning på legekontoret. Me ber difor om at alt av legetimar og blodprøvar som kan venta vert utsatt til seinare. 

Influensavaksinasjon 2019 / 2020

30. september 2019

Vi får levert influensavaksine i løpet av veke 42. 

Det blir drop-in vaksinedagar for risikogruppene 31/10, 1/11 og 8/11 kl 0930-1400. Oppmøte: Frekhaug legesenter; ambulanseinngangen. Pris kr. 150.

Legeerklæring ved fravær i videregående skule

11. september 2019

Vi får svært mange telefonar med spørsmål om legeerklæringar. Det er ikkje naudsynt med legeerklæring før fråveret nærmar seg 10% i det einskilde fag. I slike tilfelle SKAL eleven ha motteke varsel frå skulen om at det er fare for at karakter ikkje kan settast.

Legetenesta kan ikkje prioritere attestarbeid for dei som ikkje er nær 10%-grensa. Attest vil normalt kreve personleg oppmøte hjå legen. Behov for legetime skal alltid vere basert på ei medisinsk vurdering. 

Elevar som har fått varsel skal vi forsøke å hjelpe med rask legetime. Men vi må alltid priortere dei med størst medisinsk behov.

Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Alle fastlegane tilbyr no timebestilling på HelseNorge

6. juni 2019

Alle fastlegane på Frekhaug legesenter har no opna opp for timebestilling på nett via HelseNorge. Det er dessverre ikkje mogeleg å bestille time hjå vikarlege gjennom HelseNorge. Om det er behov for dobbeltime, ta kontakt med oss på telefon. (eksempel fjerning av føflekk, enkelte mindre kirurgiske inngrep, behov for tolk, første svangerskapstime med meir). For meir informasjon om tenesta, logg deg inn på "MinSide" på www.helsenorge.no. Hugs at du må samtykka til digitale tenester før du kan ta dei i bruk. 

Ved behov for akutt time same dag ta kontakt på telefon 56 17 11 10.

 

Informasjon om «time samme dag» og timebestilling på HelseNorge hjå fastlege Henny Rosså Stokke frå 02.09.2019

4. juni 2019

 

Henny Rosså Stokke vil vere tilbake på kontoret etter permisjon i juli. Frå 02.09.2019 vert det starta opp med «time same dag» for også hennar pasientar. Henny R. Stokke har legekontrollar på helsestasjonen tysdagar ut 2019, og vil difor ikkje ha ledige timar desse dagane. Det vil også elles vere enkelte dagar legen ikkje er til stades.

 

Føremålet med «time same dag» er å få ventetida på timar ned til null dagar, og å forenkle arbeidet til helsesekretærane med tildeling av legetime. Dette går kort fortalt ut på at ein stor del av legen si timebok blir heldt open for timebestilling same dagen, og at eit fåtal timar (ca. 25%) kan bestillast på førehand. Dei få timane som kan bestillast på førehand, er meint for pasientar som av ulike grunnar ikkje har moglegheit for å bestille time same dag.

 

Frå 02.09.2019 er målsetjinga at ein skal få time telefonisk den dagen ein ringjer på morgonen, eller ved SMS på www.frekhauglegesenter.no (følg link til timebestilling) som er sendt etter kl. 15.30 føregåande virkedag (betalingsteneste). Det vil og vere tilgjengelege timar på www.helsenorge.no – som kan bestillast etter kl. 16.00 dagen før. Hugs å samtykke til digitale tenester på helsenorge. Om det er fullt vil du få beskjed om å ta kontakt dagen etter.

 

Vi bed om forståing for eventuelle oppstartsvanskar og problem i overgangsperioden.

 

Vi understrekar at det som før vil vere mogleg å bestille time samme dag i forbindelse med helseproblem som er akutte eller hastar.

 

 

NYE ÅPNINGSTIDER VED LABORATORIET

19. september 2018

 

 

Frå 01.10.18 vert det endring i åpningstida ved laboratoriet for pasientar som IKKJE har hatt legetime same dag.

Dei nye åpningstidene er:

Måndag - torsdag

8:30 - 11:30 og 12:30 - 13:30

Fredag

09:00 - 11:30 og 12:30 - 13:30

Du treng ikkje lenger tilvisning til fysioterapi

24. november 2017

Frå og med 1. januar 2018 er det ikkje lenger naudsynt med tilvising frå lege for å få time hjå fysioterapeut med kommunal avtale. Du kan ta kontakt direkte med fysioterapeut som vil vurdere og prioritere problemstillinga. Meir informasjon på Helfo sine nettsider

Legeerklæringer til NAV

19. juni 2017

Hvis du har behov for legeerklæring til AAP eller uførepensjon må legen få en skriftlig bekreftelse fra NAV på dette. Se nærmere informasjon i menyen under "dokumenter"; informasjon om legeerklæring til NAV.

Nye helsekrav for førerkort fra 1. oktober 2016

7. oktober 2016

Det er innført nye helsekrav for førerkort fra 1. oktober 2016. Mange vil oppleve at kravene er strengere enn tidligere. Alle over 75 år må fornye førerkort med legeerklæring. For større klasser må førerkortet fornyes hvert 5. år.

Dersom du har bestilt time for søknad om førerkort, eller fornyelse, bør du ha fylt ut egenerklæringsskjema på forhånd. Skjema kan lastes ned fra Helsedirektoratets nettsider, se under "lenker" til venstre på denne siden.

Husk at det noen ganger kan ta tid å innhente tilleggsinformasjon i førerkortsaker. Bestill derfor time i god tid før førerkortet utgår.