I sommar ved ferieavvikling kan det enkelte dagar verte redusert bemanning på kontoret. Det kan føre til kø på telefon, på laboratoriet og i luka. Me vil gjere vårt beste for å betjene alle henvendelsar så raskt som mogleg, og ber om forståelse for dette.

Me ber difor om at de utset blod- og laboratorieprøvar, samt konsultasjonar som ikkje hastar, til etter ferietida.
Telefonar som ikkje hastar kan vere lurt å ta på ettermiddag mellom 13:30 - 14.30, då det er minst pågang på den tida.
Eventuelt bruke digital dialog via www.helsenorge.no - der kan du bestille reseptar og ha e-kontakt med kontoret og fastlegen.

Det er elles vanlege opningstider på legekontoret i sommar:

 

Ekspedisjon

måndag - torsdag 8:30 - 15:00

fredag 9:00 - 15:00

 

Laboratoriet

måndag - fredag 8:30 - 11:30 / 12:30 - 13:30

fredag 9:00 - 11:30 / 12:30 - 13:30