Cassandra Aadland Wold vert vikar for Tord Moltumyr frå 01.09.20. Ho vil ha «time same dag» for sine pasientar. Ho er på kontoret måndag, torsdag og fredag.

Føremålet med «time same dag» er å få ventetida på timar ned til null dagar, og å forenkle arbeidet til helsesekretærane med tildeling av legetime. Dette går kort fortalt ut på at ein stor del av legen si timebok blir heldt open for timebestilling same dagen, og at eit fåtal timar (ca. 25%) kan bestillast på førehand. Dei få timane som kan bestillast på førehand, er meint for pasientar som av ulike grunnar ikkje har moglegheit for å bestille time same dag.

Frå 01.09.20 er målsetjinga at ein skal få time telefonisk den dagen ein ringjer på morgonen, eller ved SMS på www.frekhauglegesenter.no (følg link til timebestilling) som er sendt etter kl. 15.30 føregåande virkedag (betalingsteneste). Hugs å skrive grunnen for timebestilling (smittevernhensyn). Du kan ikkje bestilla time om du har luftvegssymptom eller mistanke om Covid19, ring oss då for rådgiving. Om det er fullt vil du få beskjed om å ta kontakt neste dag ho er på kontoret. Det er dessverre ikkje mogleg å bestille via helsenorge.

Vi bed om forståing for eventuelle oppstartsvanskar.