Influensavaksinering ved Frekhaug legesenter for personar i risikogruppene!

I år vert det timebestilling for vaksinering mot sesonginfluensa, og det er ikkje mogleg for drop-in som tidlegare år. Det er satt opp faste dagar for bestilling av time, telefonnummer er

56 17 11 12. (merk at det kan verte kø på telefonen, prøv då igjen seinare)

Opningtidene for Vaksinetelefonen er frå kl. 08:30 – 11:00 og 13:00 – 15:00:

Måndag 19/10
Tysdag 20/10
Torsdag 22/10
Måndag 26/10
Tysdag 27/10
Torsdag 29/10

Vaksinasjonsdagane er i veke 45 og 46 frå kl. 16:00 - 20:00:

Tysdag 3/11
Onsdag 4/11
Torsdag 5/11
Tysdag 10/11
Onsdag 11/11
Torsdag 12/11

Vaksinasjonen føregår på Frekhaug legesenter, og som før med inngang på baksida av bygget med ambulanseinngangen. Der vert du møtt av ein helsesekretær som vil klarere deg, og følgje deg inn på vaksinasjonskontoret. Du må vera heilt frisk for å få satt vaksina. Hugs at du må venta 20 min. etter vaksina er satt. Me følgjer alle smittevernreglar og det skal vere trygt å komma til oss for vaksinering.

Pris: eigenandel på 50,- kr (har du frikort betalar du ingenting)