Frå måndag 19. april opnar me opp igjen for timebestilling på Helsenorge. Dette vil gjelda for fastlegane Astrid B. Nordrik, Lars Moland, Henny R. Stokke og Wolfgang Iwen. Dei 3 førstnemte har "time same dag" - det vil seia at timane vert tilgjengeleg på Helsenorge dagen før frå kl. 16:00. For dr. Iwen som har vanleg timebok vil timar 6 veker fram vera tilgjengeleg.                      Vanleg rutine med "vent i bil til legen ringjer deg" vil framleis gjelda. Hvis det ikkje er timar igjen kan du prøva dagen etterpå eller ta kontakt på telefon 56171110 eller via våre heimesider/helserespons. (www.frekhauglegesenter.no) For dei som har vikarlege er det dessverre ikkje mogleg å nytta seg av denne ordninga. 

VIKTIG INFORMASJON OM SMITTEVERN: Om du har behov for time ved symptom på luftvegssjukdom eller Covid-19, KAN DU IKKJE NYTTA TIMEBESTILLING VIA HELSENORGE, MEN ISTADEN RINJGA OSS FOR TIME PÅ SMITTEROM, telefon 56171110.